Charles Thomson Rees Wilson

Nobelprisen

Nobelprisen i fysikk
1927

Charles Thomson Rees Wilson under ein konferanse om kvantemekanikk i Solvay (1927)

Charles Thomson Rees Wilson (14. februar 186915. november 1959) var ein skotsk fysikar og kjemikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1927 for metoden hans å gjere banane til elektrisk ladde partiklar synlege ved hjelp av kondensasjon av damp. Han delte prisen med Arthur Holly Compton som fekk prisen for oppdaginga av comptoneffekten.

Etter at faren hans døydde i 1873, flytta familien til Manchester. Wilson vart utdanna ved Owen's College der han studerte biologi for å bli lege. Han flytta så til Sidney Sussex College i Cambridge, der han vart interessert i fysikk og kjemi. Etter dette vart Wilson spesielt interessert i meteorologi, og i 1893 byrja han å studere skyer og eigenskapane deira. For ei tid jobba han ved observatoriumet ved Ben Nevis, der han utførde observasjonar av skyformasjonar. Han freista så å reprodusere desse effektane i ein mindre skala ved å utvide fuktig luft i ein forsegla behaldar ved laboratoriet i Cambridge. Seinare eksperimenterte han med å skape spor av skyer årsaka av ion og stråling. For oppfinninga av tåkekammeret vart han tildelt Nobelprisen i 1927.

Wilson gifta seg med Jessie Frasar i 1908, dotter av ein minister frå Glasgow, og paret hadde fire born. Han døydde i nærleiken av Edinburgh, omgjeve av familien sin.

Priser (utval)

Other Languages
svenska: C.T.R. Wilson
asturianu: Charles Wilson
беларуская (тарашкевіца)‎: Чарлз Ўілсан
български: Чарлс Уилсън
español: Charles Wilson
Bahasa Indonesia: C.T.R. Wilson
Kiswahili: Charles Wilson
latviešu: Čārlzs Vilsons
македонски: Чарлс Вилсон
नेपाल भाषा: सी टी आर विल्सन
oʻzbekcha/ўзбекча: Charles Thomson Rees Wilson
संस्कृतम्: सी टी आर विल्सन
srpskohrvatski / српскохрватски: Charles Thomson Rees Wilson