Carl Spitteler

Carl Spitteler
Carl spitteler 1905.jpg
Pseudonym Carl Felix Tandem
Fødd 24. april 1845
Liestal
Død

29. desember 1924
Luzern

Carl Spitteler på Commons

Carl Friedrich Georg Spitteler ( 24. april 184529. desember 1924) var ein sveitsisk diktar, forfattar, kritikar og essayist som i 1929 blei tildelt Nobelprisen i litteratur «med särskild tanke på hans mäktiga epos Olympischer Frühling.» [1] [2]

Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1919

Liv og virke

Spitteler blei fødd inn i ein protestantisk familie som hadde tatt steget frå bonde- til advokat-/embetsmannsstanden. Frå 1849 voks han opp i Bern. Han studerte jus i Luzern og Zürich og seinare protestantisk teologi i Heidelberg (1867/68), sjølv om han var ateist. Han arbeidde frå 1871 som privatlærar i familien til ein finsk general. Inntrykka frå dette opphaldet finn ein seinare att i forteljingane Ei Ole og Das Bombardement von Åbo. Etter at han kom attende til Sveits arbeidde han ei stund som lærar og journalist, mellom anna som redaktør for kultursidene i Neue Zürcher Zeitung. I 1883 gifta han seg med den tidlegare eleven Maria Op den Hooff som han fekk to døtre med.

Under pseudonymet Carl Felix Tandem skreiv Spitteler i 1880-1881 tobinds eposet Prometheus und Epimetheus der han moderniserer den antikke Prometheus-myten. Stilistisk unnveik Spitteler den rådande realisme-retninga, i staden finn ein slektskap med Arthur Schopenhauer og Friedrich Nietzsche. Spitteler korresponderte også med Nietzsche og skreiv omtaler av nokre av verka hans for Bern-avisa Der Bund.

I 1893 arva familien svigerfar til Spitteler og dei slo seg ned i Luzern der han levde som fri forfattar. Dei første verka og følgjande lyriske verk vekte liten åtgaum, og han slo først gjennom med Olympischer Frühling (1900–1905, «Olympisk vår») der Spitteler overførte figurar og handlingmønstre frå gresk mytologi til sin eigen samtid i rundt 20 000 vers. Han teikna eit dystert bilde av universet i desse mytologiske eventyra, i tråd med sitt eige pessimistiske syn på verda.

Other Languages
العربية: كارل شبيتلر
aragonés: Carl Spitteler
azərbaycanca: Karl Şpitteler
Bân-lâm-gú: Carl Spitteler
беларуская: Карл Шпітэлер
беларуская (тарашкевіца)‎: Карл Шпітэлер
български: Карл Спителер
čeština: Carl Spitteler
Ελληνικά: Καρλ Σπίτελερ
español: Carl Spitteler
Esperanto: Carl Spitteler
français: Carl Spitteler
hrvatski: Carl Spitteler
Bahasa Indonesia: Carl Spitteler
italiano: Carl Spitteler
Kiswahili: Carl Spitteler
lietuvių: Carl Spitteler
македонски: Карл Шпителер
Nederlands: Carl Spitteler
oʻzbekcha/ўзбекча: Carl Spitteler
Plattdüütsch: Carl Spitteler
português: Carl Spitteler
română: Carl Spitteler
slovenčina: Carl Spitteler
српски / srpski: Карл Шпителер
Türkçe: Carl Spitteler
українська: Карл Шпіттелер
Tiếng Việt: Carl Spitteler
Yorùbá: Carl Spitteler