Córdoba i Spania

Córdoba
Romarbrua og byen Córdoba
Romarbrua og byen Córdoba
Flagget til CórdobaByvåpenet til Córdoba
Flagget til CórdobaByvåpenet til Córdoba


Plassering
Córdoba i Spania is located in
Styresmakter
LandFlag of Spain.svg Spania
Autonom regionAndalucía
ProvinsCórdoba
Grunnlagd200-talet fvt.
BorgarmeisterAndrés Ocaña
Geografi
Flatevidd
 - By

1 252 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

325 453
  259,9 /km²
Koordinatar
Høgd over havet120 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer140xx
Nettstad: www.cordoba.es

Córdoba (قرطبه eller قرطبة Qurţuba på arabisk, òg kalla Cordova på enkelte språk) er ein by i Andalucía, sør i Spania og provinshovudstaden i provinsen Córdoba. Byen ligg ved elva Guadalquivir og vart grunnlagd av dei gamle romarane av Claudius Marcellus. Byen har kring 325 000 innbyggjarar.[1]

I dag er han ein mellomstor, moderne by. I gamlebyen finn ein mange arkeologiske spor frå då Córdoba var hovudstaden i Córdoba-kalifatet som styrte nesten heile Den iberiske halvøya. Det har vorte estimert at på siste halvdel av 900-talet, budde det ein halv million innbyggjarar i Córdoba, og at han dermed var den mest folkerike byen i Europa, og kanskje i verda.[2]

Historie

Romersk tempel i Córdoba.

Córdoba var hovudstaden i den romerske provinsen Hispania Ulterior Baetica. Store romerske filosofar som like Lucius Annaeus Seneca den yngre, forteljarar som Seneca den eldre og diktarar som Lucan kom frå den romerske Cordoba. Seinare var han ein viktig stad i Provincia Hispaniae i Austromarriket og i perioden under vestgotarane.

Byen vart erobra i 711[3] av muslimane og Córdoba vart hovudstad i Umayyad-kalifatet. På det største hadde byen ein stad mellom 250 000 og 500 000 innbyggjarar, men mange forskarar meiner i dag at desse tala har vokse med tida, og at det var langt færre som budde her. På 900-talet var Cordoba – eller قرطبة (Qurţuba) på arabaisk - ein av dei mest avanserte byane i verda, samt eit kulturelt, politisk og økonomisk senter. Córdoba-moskeen er frå denne tida. I 1236 var than erobra av Kong Ferdinand III under den spanske reconquista.

Patio de los Naranjos og Alminar.

Den historiske arva i Córdoba er av dei rikaste i verda og byen vart erklært ein verdsarvstad av UNESCO i 1984. Byen har òg fleire moderne område, som bydelane Zoco og jernbanedistriktet Plan RENFE.

Regionsregjeringa ( Junta de Andalucía) har ei tid utforska høve for å opprette Córdoba storbyområde som i så fall vil bestå av sjølve Córdoba, og landsbyane Villafranca, Obejo, La Carlota, Villaharta, Villaviciosa, Almodóvar del Río og Guadalcázar. I dette området bur det kring 350 000 innbyggjarar.

Other Languages
dansk: Córdoba
Alemannisch: Córdoba (Spanien)
አማርኛ: ኮርዶባ
العربية: قرطبة
aragonés: Cordoba
azərbaycanca: Kordova (İspaniya)
বাংলা: কর্দোবা
Bân-lâm-gú: Córdoba (Andalucía)
беларуская: Кордава (Іспанія)
беларуская (тарашкевіца)‎: Кордава (горад)
български: Кордоба
brezhoneg: Córdoba (Spagn)
català: Còrdova
Cymraeg: Córdoba
eesti: Córdoba
Ελληνικά: Κόρδοβα
эрзянь: Кордова
estremeñu: Córduba
euskara: Kordoba
français: Cordoue
Gaeilge: Córdoba
Bahasa Indonesia: Córdoba, Spanyol
interlingua: Cordova (Espania)
íslenska: Córdoba
italiano: Cordova
қазақша: Кордоба
Kreyòl ayisyen: Cordoue (Cordoue)
kurdî: Kordoba
Ladino: Kordova
Latina: Corduba
Lëtzebuergesch: Córdoba
македонски: Кордоба
मराठी: कोर्दोबा
مصرى: كوردوبا
Bahasa Melayu: Córdoba, Sepanyol
Nederlands: Córdoba (Spanje)
Nordfriisk: Córdoba
occitan: Còrdoa
oʻzbekcha/ўзбекча: Kordova (shahar)
Piemontèis: Cordoba
Plattdüütsch: Córdoba (Spanien)
polski: Kordoba
português: Córdova (Espanha)
romani čhib: Córdoba, Spaniya
संस्कृतम्: कोर्दोबा
shqip: Kordova
sicilianu: Còrdova
Simple English: Córdoba, Andalusia
slovenščina: Córdoba, Španija
کوردی: کۆردۆبا
српски / srpski: Кордоба
srpskohrvatski / српскохрватски: Córdoba (Španjolska)
தமிழ்: குர்துபா
татарча/tatarça: Куртубә
اردو: قرطبہ
ئۇيغۇرچە / Uyghurche: Kordowa
Tiếng Việt: Córdoba, Tây Ban Nha
吴语: 阔多瓦
ייִדיש: קארדאבע
粵語: 哥多華