Buffalo Springfield

Buffalo Springfield
Opphav Los Angeles, California i USA
Sjanger Folkrock
Aktive år 1966 – 1968, 2010
Plateselskap Atco
Medlemmer
Richie Furay
Stephen Stills
Neil Young
Tidlegare medlemmer
Dewey Martin
Bruce Palmer
Jim Messina

Buffalo Springfield var ei amerikansk rockegruppe som tente som springbrett for karrierane til Neil Young, Stephen Stills, Richie Furay og Jim Messina. Young og Stills spelte seinare i Crosby, Stills, Nash & Young. Buffalo Springfield er mest kjend for songen « For What It's Worth». Etter bandet vart danna i april 1966, førte ei rekkje forstyrringar, mellom anna intern krangling og arbeidspress frå musikkindustrien til at gruppemedlemmene konstant vart skift ut, og det heile enda med at gruppa vart oppløyst etter berre 25 månader. Buffalo Springfield gav i alt ut tre album, men etterlet seg mange demoopptak, unytta studioopptak og konsertopptak. [1] Trass i den korte tida bandet varte, var det likevel eit av dei viktigaste banda i 1960-åra og nesten alle medlemmene gjekk vidare til suksessrike karrierar, og to av dei, Stills og Young, vart store rockestjerner.

Historie

Opphav

Neil Young og Stephen Stills møttest første gong i 1965 ved the Fourth Dimension i Thunder Bay i Ontario. [2] Young var der med The Squires, ei gruppe frå Winnipeg han hadde leia sidan februar 1963 og Stills var på turne med The Company, ein avleggar av Au Go Go Singers. Sjølv om dei to ikkje skulle sjå kvarandre att på nesten eitt år, førte møtet til at dei begge hadde lyst å arbeide i lag.

Då The Company vart oppløyst etter turneen, flytta Stills til Vestkysten, der han arbeidde som studiomusikar og mellom anna var på prøvespeling for The Monkees, utan at han fekk jobben. [3] Han fekk beskjed frå plateprodusent Barry Friedman at han ville ha arbeid for han om han klarte å samle eit band. Stills inviterte venen frå Au Go Go Singers, Richie Furay og tidlegare bassist i Squires Ken Koblun til å møte han i California. Begge kom, men Koblun reiste att etter ei stund og vart med i bandet 3's a Crowd.

Tidleg i 1966 møtte Young Bruce Palmer i Toronto, ein kanadiar som spelte bass i bandet Mynah Birds. Dei leita etter ein sologitarist, og Palmer inviterte Young med i gruppa. The Mynah Birds skulle spele inn eit album for Motown Records då songaren deira Ricky James Matthews (seinare kjend som Rick James) vart arrestert for å ha snike seg unna verneplikta. Platekontrakten deira vart kansellert, og Young og Palmer reiste til Los Angeles, der dei håpte på å slå seg saman med Stills.

Om lag ei veke seinare, etter at dei ikkje hadde klart å finne Stills og var på veg mot San Francisco, sat dei fast i ein trafikkork på Sunset Boulevard i Los Angeles då Stills, Furay og Friedman, i sin kvite van, oppdaga den svarte Pontiacen til Young, som køyrte forbi i motsett retning. Etter ein ulovleg u-sving av Furay, trefte dei fire musikarane kvarandre og starta eit band. Trommeslagar Dewey Martin, som hadde spelt med countryartistar som Patsy Cline og The Dillards, vart medlem av bandet ei veke seinare, etter forslag frå The Byrds-manageren, Jim Dickson.

Dei tok namnet sitt frå sida av ein dampvegvals laga av Buffalo-Springfield Roller Company, som stod parkert i gata utanfor huset til Friedman (der Stills og Furay budde). Den nye gruppa debuterte 11. april 1966 på The Troubadour i Hollywood. Eit par dagar seinare byrja dei ein kort turne i California som oppvarming for the Dillards og the Byrds.

Leiarskap og første innspeling

Like etter turneen med The Byrds enda, så overtalte Chris Hillman eigarane av Whisky a Go Go om å gje bandet ei prøvespeling. Buffalo Springfield vart i røynda husbandet på the Whisky dei neste sju vekene, frå 2. mai til 18. juni 1966. Desse konsertane gav dei eit rykte som eit forrykande konsertband og dei fanga interessa til fleire plateselskap. Det førte òg til ein invitasjon frå Friedman til Dickie Davis, som hadde vore lysansvarleg for the Byrds, om å verte involvert i leiinga av bandet. Davis søkte så råd frå managerane til Sonny & Cher, Charlie Green og Brian Stone. Dei fekk til slutt ein avtale med Ahmet Ertegün frå Atlantic Records og fekk i stand ei innspeling ved Gold Star Studios i Hollywood.

Young, Stills og Furay spelte alle inn demoar for albumet, men Greene og Stone, som hadde sett seg sjølv som plateprodusentar, syns stemma til Young var «for rar» og gav Furay rolla som vokalist på dei fleste av songane til Young.

Den første singelen til Buffalo Springfield, «Nowadays Clancy Can’t Even Sing», kom ut i august, men gjorde lite inntrykk utanfor Los Angeles, der han nådde Topp 25. Gruppa var misnøgd med og omarbeidde fleire av dei tidlege innspelingane sine for resten av albumet. Faktisk meinte Young og Stills at deira eigne mono-miksar var langt betre enn stereomiksane til Greene og Stone. Albumet vart kalla Buffalo Springfield, og vart opphavleg gjeve ut på dotterselskapet til Atlantic, Atco i mono og i stereo i desember 1966. Ei ny utgåve, både i mono og stereo, med forskjellig rekkefølgje på songane, kom ut i mars 1967.

I november 1966 skreiv Stills songen som vart ein milepåle for han, «For What It's Worth», etter å ha sett politiet aksjonere mot ungdomen som hadde samla seg på Sunset Strip for å protestere mot stenginga av nattklubben Pandora's Box. Songen vart spelt på Halloween på Whisky a Go Go, spelt inn nokre dagar seinare og så sendt på radiostasjonen KHJ kort tid etter. I mars 1967 hadde songen vorte ein Topp 10-hit i USA. Atco nytta høvet og erstatta songen «Baby Don't Scold Me» med «For What It's Worth», og gav ut albumet på ny. «For What It's Worth» selde over ein million eksemplar og bandet fekk gullplate. [4]

Endringar i bandet

I januar 1967 tok bandet imot eit forskot frå plateselskapet og fauk til New York for å spele på Ondine’s, ein klubb der The Doors òg spelte. Det var på denne tida at Palmer først vart arrestert for å ha på seg marijuana og derfor vart deportert tilbake til Canada.

Bandet flytta fram og tilbake mellom innspelingar og konsertar på begge sider av USA. Dei nytta fleire bassistar, som Mike Barnes og Jim Fielder frå Mothers of Invention. Ved eitt høve under ei framføring på TV-showet Hollywood Palace måtte turneleiaren til Springfield, som aldri hadde spelt bass før, holde bassen med ryggen til kamera, medan bandet mima til eit opptak.

Under desse tilhøva vart eit nytt album, med arbeidstittelen Stampede, til under anstrengte forhold. Young og Stills var alltid skeptiske til Greene og Stone, og starta òg å krangle seg i mellom. Begge insisterte på å produsere sine eigne låtar. Furay, som hadde sunge og spelt gitar på det første albumet, men som ikkje medverka med nokre songar, tok no òg steget fram og skreiv like mange songar for album nummer to som det Young gjorde.

Sjølv om Palmer kom attende til gruppa i byrjinga av juni, hadde Young alt forlete bandet og missa dermed konserten på Monterey Pop Festival, der bandet spelte med Doug Hastings på gitar, som tidlegare hadde vore i Daily Flash og seinare spelte i Rhinoceros. David Crosby var òg gjesteartist. Young kom etter kvart tilbake i byrjinga av oktober ved The Third Eye i Redondo Beach i California og etter å ha sparka Greene og Stone, delte bandet tida si mellom å halde konsertar og gjere ferdig det andre albumet, som fekk tittelen Buffalo Springfield Again, produsert av Ertegün sjølv.

Sjølv om albumet er meir ei samling av individuelle verk enn eit gruppesamarbeid, vert Buffalo Springfield Again av mange kritikarar og tilhengjarar rekna for å vere det beste albumet deira. Det kom ut i november 1967, og inneheld «Mr. Soul», «Rock & Roll Woman», «Bluebird», «Sad Memory» og «Broken Arrow». Gruppa spelte «Bluebird» i ein episode av fjernsynsserien Mannix kalla «Warning: Live Blueberries», som vart sendt 28. oktober 1967.

Last Time Around

Med særs gode kritikkar over heile landet, ikkje berre av Buffalo Springfield Again , men av konserten deira som ein del av Beach Boys sin Fifth Annual Thanksgiving Tour, såg ting lyst ut.

I januar 1968 vart derimot Palmer deportert att for å ha hatt narkotika på seg. Denne gongen vart gitarist og studioteknikar Jim Messina leigd inn som erstatning. Med Palmer borte for godt, vart Young òg meir og meir sjeldan å sjå, og Stills måtte ofte spele all sologitar på konsertane. Innspelingar vart booka og alle songane som finst på det siste albumet deira vart spelte inn mot slutten av mars, som regel produsert av Messina. Det var klårt at bandet var i ferd med å bryte saman. I april 1968, etter nok ein narkotikarassia som involverte Young, Furay, Messina og Eric Clapton, valte bandet å gje seg.

Den siste konserten deira vart halde på Long Beach Arena den 5. mai 1968. Etter at bandet hadde spelt mange av dei mest kjende songane sine, vart ein lang versjon av «Bluebird» svanesongen til bandet. Buffalo Springfield vart oppløyst litt over to år etter dei kom saman.

Etter bandet braut opp samla Furay og Messina fleire songar spelt inn mellom midten av 1967 og tidleg 1968 til eit tredje og siste studioalbum, kalla Last Time Around. Sjølv om det inneheld Furay-balladen «Kind Woman», Young sin klassiske «I Am a Child» og Stills sin «Four Days Gone», inneheldt berre få av songane meir enn to eller tre medlemmer om gongen. Sjølv bilete på omslaget var ein montasje. Stills og Furay var med på fleire songar enn nokre av dei andre, og dominerte albumet.

Other Languages