Bokfink

Bokfink

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Bokfink (hann)
Bokfink (hann)

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Fringillidae
Slekt: Fringilla
Vitskapleg namn
Fringilla coelebs

Bokfinken (Fringilla coelebs) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 15  cm lang, og veg rundt 20  gram.

Hofugl.
Fringilla coelebs

Bokfinken har to tydelege kvite vengeband, og issen og nakken er blågrå. Dei ytste stjert fjøra er kvite, og andletet og brystet er brunraudt. Hoa har ei mørk, grøngrå overside, men på undersida er ho ljosare.

Bokfinken hekkar på same stedet kvart år. Reiret vert bygt i tre og ser ut som ei djup skål som er pynta med mose og lav. Bokfinken hekkar i apriljuli og han legg tre til seks egg. Rugetida er 13 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13–14 dagar. Bokfinken kan få to kull om året.

Bokfinken er ein av dei vanlegaste fuglane i Noreg.

Trekktilhøve

Dei fleste bokfinkane flyg ut av Noreg i september-oktober. Nokre få allereie i august. Trekket går mot sør gjennom Danmark, Tyskland, Nederland og Belgia. Nokre overvintrar i desse landa. De fleste flyg vidare frå Belgia til Storbritannia og nokre til Irland. Eit mindretal fuglar flyg beint over Nordsjøen til desse øyane. Nokre norske hekkefuglar reiser sørover for å overvintre i det sørvestlege Europa. Eit fåtal bokfinkar overvintrar i Noreg. Bokfinkane kjem att i marsapril, og då kjem hannen eit par veker før hoa. Bokfinken har difor fått det latinske namnet coelebs som tyder 'ugift'. Når hoa kjem, jagar hannen sint alle rivalane sine vekk i frå området sitt.

Other Languages
norsk: Bokfink
svenska: Bofink
dansk: Bogfinke
Адыгэбзэ: Румат
Afrikaans: Gryskoppie
Alemannisch: Buchfink
العربية: حسون الظالم
башҡортса: Алағанат турғай
беларуская: Берасцянка
brezhoneg: Pint (evn)
català: Pinsà
Чӑвашла: Пимпĕ
čeština: Pěnkava obecná
corsu: Pincionu
Cymraeg: Ji-binc
davvisámegiella: Beibboš
Deutsch: Buchfink
eesti: Metsvint
Ελληνικά: Κοινός σπίνος
Esperanto: Fringo
euskara: Txonta arrunt
føroyskt: Bókígða
Gaeilge: Rí rua
Gàidhlig: Breacan-beithe
Հայերեն: Ամուրիկ
interlingua: Fringilla coelebs
íslenska: Bókfinka
עברית: פרוש מצוי
ქართული: ნიბლია
kaszëbsczi: Wiszónk
қазақша: Жаурауық
Kurdî: Befrîk
кырык мары: Пимба
latviešu: Žubīte
Lëtzebuergesch: Poufank
lietuvių: Kikilis
Limburgs: Bookvink
Livvinkarjala: Peiboi
magyar: Erdei pinty
македонски: Обична ѕвингалка
Nederlands: Vink (vogel)
नेपाली: चित्रकचरी
Napulitano: Frungillo
Nordfriisk: Bokfink
Picard: Pinchon
Piemontèis: Fringilla coelebs
português: Fringilla coelebs
română: Cinteză
русиньскый: Зяблик
русский: Зяблик
саха тыла: Эриэн кынат
Scots: Shilfie
slovenčina: Pinka obyčajná
српски / srpski: Зеба
suomi: Peippo
українська: Зяблик
vèneto: Finco
Tiếng Việt: Sẻ khướu
West-Vlams: Vienke
中文: 苍头燕雀