Blautdyr

Blautdyr


Sniglane er dei mest talrike blautdyra
Sniglane er dei mest talrike blautdyra

Systematikk
Domene:Eukaryotar
Rike:Dyr
Rekkje:Mollusca
Vitskapleg namn
Mollusca
L., [[vitskap i 1758|1758]]

Blautdyr eller molluskar er ei rekkje protostome dyr som lever i fuktige habitat over heile jorda. Det eksisterer stor diversitet innanfor gruppa, men den grunnleggjande oppbygnaden til ein mollusk er den same overalt. Det finst omkring 112 000 artar blautdyr, m.a. muslingar, sniglar og blekksprut.

Oppbygnad

Skjematisk framstilling av eit blautdyr

Kroppen til eit blautdyr kan delast inn i tre element: hovud/fot, visceralmasse og kappe.

Hovud/fot-regionen er nedst på dyret, og omfattar naturleg nok hovudet og foten. Hovudet inneheldt eit ganglion (primitiv hjerne) og ein munn med raspetunge (radula, unnataket er muslingar som manglar dette). Foten finst i ei rekkje ulike spesialiseringar; men nyttast hovudsakleg til rørsle.

Visceralmassa er masse med innvolar i. Nokre av organa me finn her inkluderer tarmsystem, kjønnsorgan, gjeller og vanlegvis eit delvis ope blodkar­system med hjarta. Blekksprutane skil seg her ut ved å ha lukka blodkarsystem. I samband med hjarta og gonadar finn me òg ekte coelom, som gjer at me klassifiserer molluskane som eucoelomate dyr.

Gjellene til blautdyra vert vanlegvis funne i kappehola, der dei som regel opptrer i par. Unnataket er sniglane, som på grunn av kroppsvridning (torsjon) har mista den eine. Muslingar utmerker seg med særs store gjeller, som i tillegg til gassveksling vert nytta til å fanga opp næringspartiklar, som seinare vert transportert til munnen med cilier og palpar.

Kappen hjå dei fleste molluskar skil ut kalk eller perlemor og dannar skal.

Other Languages
norsk: Bløtdyr
svenska: Blötdjur
dansk: Bløddyr
Afrikaans: Weekdiere
Alemannisch: Weichtiere
አማርኛ: ዛጎል ለበስ
العربية: رخويات
aragonés: Mollusca
asturianu: Mollusca
Avañe'ẽ: Syrymbe
azərbaycanca: Molyusklar
تۆرکجه: مولیوسکلار
বাংলা: মলাস্কা
Bân-lâm-gú: Nńg-thé tōng-bu̍t
башҡортса: Моллюскылар
беларуская: Малюскі
беларуская (тарашкевіца)‎: Малюскі
български: Мекотели
bosanski: Mehkušci
brezhoneg: Blotvil
català: Mol·luscs
Cebuano: Kinhason
čeština: Měkkýši
Cymraeg: Molwsg
Deutsch: Weichtiere
eesti: Limused
Ελληνικά: Μαλάκια
English: Mollusca
español: Mollusca
Esperanto: Moluskoj
euskara: Molusku
فارسی: نرم‌تنان
føroyskt: Lindýr
français: Mollusca
Gaeilge: Moileasc
galego: Moluscos
한국어: 연체동물
हिन्दी: मोलस्का
hornjoserbsce: Mjechkuše
hrvatski: Mekušci
Ido: Molusko
Bahasa Indonesia: Moluska
interlingua: Mollusca
íslenska: Lindýr
italiano: Mollusca
עברית: רכיכות
Basa Jawa: Moluska
ქართული: მოლუსკები
Kinyarwanda: Ikinyamushongo
Kiswahili: Moluska
Кыргызча: Моллюск
Latina: Mollusca
latviešu: Gliemji
Lëtzebuergesch: Weechdéieren
lietuvių: Moliuskai
Limburgs: Weikdere
Lingua Franca Nova: Molusco
magyar: Puhatestűek
македонски: Мекотели
മലയാളം: മൊളസ്ക
Bahasa Melayu: Moluska
Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄: Niōng-tā̤ dông-ŭk
Nederlands: Weekdieren
日本語: 軟体動物
Napulitano: Mollusca
Nordfriisk: Wokdiarten
occitan: Mollusca
ଓଡ଼ିଆ: ସନ୍ଧିପଦ
oʻzbekcha/ўзбекча: Mollyuskalar
ਪੰਜਾਬੀ: ਮੋਲਸਕਾ
پنجابی: مولسکا
Plattdüütsch: Weekdeerter
polski: Mięczaki
português: Moluscos
română: Moluscă
Runa Simi: Llamp'uka
русский: Моллюски
Scots: Mollusca
Simple English: Mollusc
slovenčina: Mäkkýše
slovenščina: Mehkužci
српски / srpski: Мекушци
srpskohrvatski / српскохрватски: Mekušci
Tagalog: Mollusca
tarandíne: Mollusca
తెలుగు: మొలస్కా
tetun: Molusku
Türkçe: Yumuşakçalar
українська: Молюски
vèneto: Mołusco
West-Vlams: Molluuskn
Winaray: Mollusca
吴语: 软体动物
ייִדיש: מאלוסקן
粵語: 軟體動物
中文: 软体动物