Auguste Marie François Beernaert

Auguste Beernaert.

Auguste Marie François Beernaert (26. juli 18296. oktober 1912) var ein belgisk statsminister, advokat og vinnar av Nobels fredspris i 1909.

Biografi

Auguste Beernaert vart fødd i Oostende i Flandern som son av ein finansmann. Han studerte rettsvitskap ved Katholieke Universiteit Leuven, og reiste deretter på studiereiser til Tyskland og Frankrike. Han vendte så heim att til Belgia, der han blei ein framgangsrik advokat.

Frå 1873 vart han involvert i den nasjonale politikken, som medlem av det katolske partiet i Belgia. I 1884, då partiet fekk fleirtal i parlamentet, vart han fyrst finansminister i regjeringa til Jules Malou, og seinare same året, statsminister. Han vart sitjande som statsminister i heile ti år.

Beernaert var ein framifrå talar og politisk taktikar. Som statsminister brukte Beernaert mykje krefter på å betra infrastrukturen i Belgia; både kanalane, sjøvegane, jernbanen og vegnettet. Han førte også ei diplomatisk linje med nabolandet Nederland. Etter at han gjekk av i 1894, vart han president i deputertkammeret frå 1895 til 1900. Beernaert representerte Belgia i Haag-konvensjonane av 1899 og 1907. Han var også sterkt involvert i den permanente skiljedomstolen i Haag, der han sat som president i periodar. For arbeidet sitt her vann han Nobels fredspris i 1909.

Blant fleire høgståande verv, stod Beernaert som formann i International Law Association og han var æresmedlem av Folkerettsinstituttet.

Other Languages
беларуская: Агюст Беернарт
беларуская (тарашкевіца)‎: Агюст Бэернарт
български: Огюст Бернарт
Bahasa Indonesia: Auguste Beernaert
Nederlands: August Beernaert
татарча/tatarça: Огюст Беернарт
українська: Огюст Бернарт
Tiếng Việt: Auguste Beernaert
West-Vlams: August Beernaert