Art

Arten (latin species) er ei av dei mest grunnleggjande einingane inna biologisk systematikk. Ein art er ei gruppe liknande individ og blir gjerne definert som organismar som kan formeira seg med kvarandre og få forplantingsdyktig avkom.

Eit levande vesen høyrer til ein, og berre ein art. Denne har eit særskild vitskapleg namn sett saman av slektnamnet og det særeigne artsnamnet. Mennesket har til dømes artsnamnet Homo sapiens, der Homo viser til heile slekta av menneskeliknande menneskeapar som har eksistert tidlegare, medan sapiens berre viser til menneskja.

Definisjon

Hannen og hoa av stokkand ser ikkje ut som om dei høyrer til same art.

Opphavleg var ein art definert som ei gruppe organismar som var like. Dette skapte problem, ettersom det alltid vil finnast variasjonar innan ein art. Det finst òg mange døme på at hoer og hannar ser heilt ulike ut. I tillegg kan populasjonar som ikkje er i slekt i det heile tatt likna på kvarandre.

Omgrepet art har vore heftig diskutert gjennom tidene, og det er framleis sterk usemje og diskusjonar kring kva kriterier ein skal leggje til grunn for omgrepet. Usemja synes så stor at det er lite truleg at ein nokon sinne vil komme fram til ein definisjon som er universell for alle organismar, inkludert hybridar, polyploidar og asexuelle organismar.

Definisjonen av ein art som organismar som kan få forplantingsdyktig avkom saman blei først lagt fram av Ernst Mayr i 1942.. Dette er det biologiske artsomgrepet. Denne definisjonen er ein av dei som er brukt i dag, men han er òg problematisk. For det første gjeld han berre for kjønna formeiring. For organismar som reproduserer seg utan kjønn er ikkje art definert i dette artsomgrepet. For det andre kan kryssingar skje mellom svært ulike organismar under særskilde høve; nokre av desse hybridane kan forplanta seg vidare. Eit døme på dette er kryssinga av tiur og orrfugl; rakkelhøns.

Other Languages
norsk: Art
svenska: Art
dansk: Art
Afrikaans: Spesie
Alemannisch: Art (Biologie)
العربية: نوع (تصنيف)
aragonés: Especie
asturianu: Especie
Avañe'ẽ: Juehegua
azərbaycanca: Bioloji növ
বাংলা: প্রজাতি
башҡортса: Төр (биология)
беларуская: Біялагічны від
беларуская (тарашкевіца)‎: Від (біялёгія)
भोजपुरी: प्रजाति
български: Вид (биология)
Boarisch: Oart (Biologie)
brezhoneg: Spesad
català: Espècie
Чӑвашла: Тĕс (биологи)
čeština: Druh
Cymraeg: Rhywogaeth
English: Species
español: Especie
Esperanto: Specio
euskara: Espezie
Fiji Hindi: Species
français: Espèce
Frysk: Soarte
Gaeilge: Speiceas
galego: Especie
한국어: 종 (생물학)
hornjoserbsce: Družina (biologija)
hrvatski: Vrsta
Ilokano: Sebbangan
Bahasa Indonesia: Spesies
interlingua: Specie
italiano: Specie
Basa Jawa: Spésies
ಕನ್ನಡ: ಜಾತಿ
Kapampangan: Species
къарачай-малкъар: Биология тюрлю
ქართული: სახეობა
қазақша: Түр
Kiswahili: Spishi
Kreyòl ayisyen: Espès
kurdî: Cure
Кыргызча: Түр
latviešu: Suga
Lëtzebuergesch: Aart
lietuvių: Rūšis
lumbaart: Spéce
magyar: Faj
македонски: Вид (биологија)
മലയാളം: സ്പീഷീസ്
Malti: Speċi
მარგალური: გვარობა
Bahasa Melayu: Spesies
монгол: Зүйл
မြန်မာဘာသာ: မျိုးစိတ်
Nederlands: Soort
नेपाल भाषा: प्रजाति
日本語: 種 (分類学)
Napulitano: Specia
Nordfriisk: Slach
oʻzbekcha/ўзбекча: Tur (biologiya)
ਪੰਜਾਬੀ: ਪ੍ਰਜਾਤੀ
پنجابی: سپیشیز
Patois: Spiishi
Piemontèis: Spece
Plattdüütsch: Oort (Biologie)
português: Espécie
Runa Simi: Rikch'aq
русиньскый: Вид (біолоґія)
Scots: Species
shqip: Specia
Simple English: Species
slovenčina: Druh (taxonómia)
slovenščina: Vrsta (biologija)
کوردی: جۆرە
српски / srpski: Врста (биологија)
srpskohrvatski / српскохрватски: Vrsta
Basa Sunda: Spésiés
suomi: Laji
Tagalog: Espesye
татарча/tatarça: Төр (биология)
తెలుగు: జాతి
Türkçe: Tür
Türkmençe: Biologik görnüş
українська: Вид
اردو: نوع
vèneto: Spece
Tiếng Việt: Loài
West-Vlams: Sôorte
Winaray: Espesyis
ייִדיש: זגאל
粵語: 物種
中文: 物种
ГӀалгӀай: Биологен кеп