Arad i Israel

Arad
עֲרָ, عِرَادَ
by
none Flyfoto av Arad
Flyfoto av Arad
Våpenskjold
Namneopphav: Etter Tel Arad
LandFlag of Israel.svg Israel
DistriktDet sørlege distrikt
Koordinatar
Areal93,14 km²
Folketal23 400 (2009) [1]
Grunnlagd21. november 1962
 - Bystatus1995
BorgarmeisterTali Ploskov
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Arad, Israel
Nettstad: http://www.arad.muni.il

Arad (hebraisk skrift עֲרָד; arabisk عِرَادَ) er ein by i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg på grensa mellom Negev- og Judeaørkenen, 25 kilometer vest for Daudehavet og 45 km aust for Beersheba. Byen har ein mangfaldig folkesetnad på 23 400[1] inkludert askenasiske og sefardiske jødar, både sekulære og religiøse, beduinar og svarte hebrearar, i tillegg til nye immigrantar. Byen er kjend for den reine, tørre lufta og er ein stor attraksjon for astmatikarar verda over.[2][3]

Etter forsøk på å busette området i 1920-åra, vart Arad grunnlagd i november 1962 som ein israelsk utviklingsby, den første planlagde byen i Israel. Folketalet i Arad voks raskt med innvandringa i 1990-åra og nådde ein topp i 2002 med 24 500 innbyggjarar.

Landemerke i Arad er mellom anna ruinane av Tel Arad, Aradparken, ein innlands flyplass og den første lovlege veddeløpsbanen i Israel. Byen er kjend for den årlege musikkfestivalen på sommaren, Aradfestivalen.[4]

Historie

Ruinane av Tel Arad.

Antikken

Arad har fått namn etter ein by frå Bibelen, den kanaanittiske byen som låg ved Tel Arad, som ligg kring 8 km vest for den moderne Arad.[5] Bibelen (Domarane 1:16) skildrar han som ein kanaanittisk skanse der kongen hindra israelittane frå å flytte frå Negev til Judeafjella, sjølv om Tel Arad var øydelagd over 1 200 år før israelittane kom. Krønikene til Shoshenq I verkar å nemne ein busetnad i Tel Arad. I bysantinsk tid var staden framleis korrekt identifisert av Eusebius, og namnet «Arad» var bevart av beduinane.[6]

Det britiske mandatet

Det første moderne forsøket på å busetje området vart gjort av Yishuv, dei jødiske innbyggjarane i Palestinamandatet, den 23. februar 1921, då dei britiske mandatstyresmaktene tillet tidlegare soldatar frå den jødiske legionen å slå seg ned i området. Ni menn og to kvinner prøvde seg, men etter fire månader måtte dei flytte fordi det ikkje var vatn i området.[5]

Staten Israel

Den 15. november 1960 vart gruppe planleggarar utpeikt av den israelske regjeringa til å undersøke høvet for ein nordaust i Negevørkenen og Arad-området. 13. januar 1961 valte ein den endelege plasseringa til den nye byen (3,5 km sørvest for Kidodfjellet), i tillegg til detaljar kring infrastruktur. I mars 1961 vart det lagt ein fullstendig byplan for ein by for 10 000 og så 20 000 innbyggjarar, med tilhøyrande kart. Yona Pitelson var sjefsarkitekt for byen og viktig i utforminga.[7]

Byplanen tok omsyn til topografien og klimaet i området. Byggjeblokker vart bygde slik at dei verna store innandørsområde for ørkensola og vindane. Tettare bustadområde vart bygde først, før å gje folk ei kjensle av ein by og korte ned gangavstandane.[8]

Den opphavlege byplanen for Arad

Fundamentet for den moderne Arad vart lagt då oljeselskapet Nefta bygde ein arbeisleir i området i juli 1961, som bestod av seks midlertidige skur, etter at det vart funne olje der av kommersielle verdiar.[7][9] Sjølve byen vart offisielt grunnlagd i 1962 av ei gruppe unge israelarar, dei fleste av dei tidlegare kibbutz- ogmoshav-medlemmar, som søkte eit miljø fri for byproblem som overbefolking, trafikk, støy og forureining.[10] Grunnleggjingsseremonien vart halden den 21. november, og den dåverande statsministeren David Ben-Gurion deltok. Det var ein av dei siste utviklingsbyane som vart grunnlagd.[11] I følgje nettsaden til byen er Arad den første planlagde byen i Israel.[12]

Fram til 1964 budde det kring 160 familiar i Arad, dei fleste av dei innfødde. Etter 1971 byrja Arad å ta i mot jødiske immigrantar, hovudsakleg frå Sovjetunionen, men òg frå engelsktalande land og Latin-Amerika, og folketalet steig frå 4 000 i 1969 til 10 500 i 1974. Den første halvdelen av 1990-åra tok Arad i mot 6 000 immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen.[6] Statsminister Yitzhak Rabin gav Arad bystatus den 29. juni 1995.[13]

Other Languages
العربية: عراد (النقب)
беларуская: Арад
català: Arad (Israel)
čeština: Arad (Izrael)
Deutsch: Arad (Israel)
English: Arad, Israel
español: Arad (Israel)
Esperanto: Arad (Israelo)
français: Arad (Israël)
Bahasa Indonesia: Arad, Israel
italiano: Arad (Israele)
עברית: ערד
ქართული: არადი
Nederlands: Arad (Israël)
português: Arad (Israel)
română: Arad, Israel
Tagalog: Arad
Türkçe: Arad, İsrail
українська: Арад (Ізраїль)
Tiếng Việt: Arad, Israel
ייִדיש: ערד, ישראל