Anna Politkovskaja

Anna Politkovskaja

Anna Stepanovna Politkovskaja, russisk Анна Степановна Политковская ( 30. august  19587. oktober  2006) var ein russisk journalist og forfattar som var kjend som kritikar av Putin-styret.

Politkovskaja var fødd i New York i 1958, der dei ukrainske foreldra hennar var diplomatar i SN. Ho studerte journalistikk ved Universitetet i Moskva og tok eksamen i 1980 og så byrja ho å arbeide for avisa Izvestija. Frå juni 1999 skreiv ho ei eiga spalte for nettstaden Novaja Gazeta. Ho skreiv fleire prisa bøker om Tsjetsjenia og Putin sitt styre i Russland, den nyaste er Putins Russland som kom ut i Noreg i 2005.

Politkovskaja vart funnen ihelskoten i Moskva laurdag 7. oktober 2006 i heisen i bustadblokka ho budde i.

Bakgrunnsstoff

Denne artikkelen byggjer på «Anna Politkovskaya» henta frå Wikipedia på engelsk 7. oktober 2006.

Other Languages
azərbaycanca: Anna Politkovskaya
беларуская (тарашкевіца)‎: Ганна Паліткоўская
bosanski: Ana Politkovska
Bahasa Indonesia: Anna Politkovskaya
македонски: Ана Политковскаја
Bahasa Melayu: Anna Politkovskaya
Nederlands: Anna Politkovskaja
português: Anna Politkovskaia
Simple English: Anna Politkovskaya
slovenščina: Ana Politkovska
српски / srpski: Ана Политковска
srpskohrvatski / српскохрватски: Ana Politkovskaja
татарча/tatarça: Анна Политковская