Anarkisme

Det svarte anarkist-flagget med det uoffisielle symbolet til rørsla, ein A i ein sirkel.

Anarkisme (frå gresk anarchia - fråver av styresmakt) blir av mange oppfatta som ei retning innan sosialismen, som i tillegg til å vere mot kapitalismen også vil avskaffe staten. Anarkistar flest tar derfor avstand frå politisk verksemd i vanleg tyding, som går ut på å skaffe seg makt innanfor staten (sosialdemokratar, demokratiske sosialistar) eller opprette ein ny stat (kommunistar). I motsetnad til den sentralistiske staten som styrer ovanfrå gjennom eit hierarki, er tanken at det anarkistiske samfunnet skal byggjast etter ei horisontal organisering av friviljuge samanslutningar av suverene einskildmenneske. Desse samanslutningane skal vonleg greia å samarbeida til alle sitt sams beste gjennom ein føderasjon, etter prinsippet om å yta etter evne og få det ein treng.

Anarkisme blir også kalla fridomssosialisme eller friheitleg sosialisme. Ein type anarkisme som vil erstatte staten med fagrørsla, blir kalla anarkosyndikalisme. Denne har stått sterkt i arbeidarrørsla sin barndom i land som Italia, Frankrike og Spania. I delar av Spania, såleis til dømes Catalunya, var den anarkosyndikalistiske fagrørsla CNT (Confederacion Nacional del Trabajo) den som stod sterkast i arbeidarklassen før den spanske borgarkrigen. I USA stod den anarkosyndikalistiske fagorganisasjonen IWW, Industrial Workers of the World, relativt sterkt i første delen av førre hundreåret. I Sverige finst det også ein slik fagorganisasjon som framleis er til å rekne med, SAC, Svenska Arbetares Centralorganisation. Den største innverknaden frå anarkismen må i dag likevel seiast å vere meir indirekte, på demokratiske sosialistar, som har stor sans for anarkistane si insistering på fridomens eigenverdi.

Anarkistiske idéar i Noreg har hovudsakleg vore hevda av ulike intellektuelle miljø, og er for det meste haldne fram av forfattarar. Mellom dei fyrste som kalla seg anarkistar i landet, var Arne Garborg og Ivar Mortenson-Egnund. Dei dreiv det radikale målbladet Fedraheimen som kom ut 1877-91. Etter kvart vart dette bladet meir og meir merkt av anarkistisk tilfang, og heilt på slutten, då Rasmus Steinsvik var bladstyrar, hadde bladet jamvel undertittelen Anarkistisk-Kommunistisk Organ. Ein annan anarkistisk forfattar frå same tidbolken var Hans Jæger, som i 1908 gav ut bokverket Anarkiets bibel. I nyare tid har Jens Bjørneboe vore den fremste målsmannen for anarkismen i Noreg.

Ulike retningar

Flagget til anarko-syndikalismen er ei blanding av det raude og det svarte.

Det finst ei rekkje retningar innan anarkismen, blant anna:

Desse legg vekt på ulike sider ved samfunnet og ulike måtar å organisere det på, men felles for dei alle er at dei er for stor personleg fridom, dei ikkje vedkjenner seg alle autoritetar, og hyller individet sin autonomi, individet sine rettar til eigne avgjersler og rett til sjølvrealisering.

Med unntak av anarkokapitalisme blir fridomen sine fiendar definert som staten og kapitalismen. «Vi er overtydd om at fridom utan sosialisme er privilegium og urett, og at sosialisme utan fridom er slaveri og brutalitet», sa Mikhail Bakunin.

Other Languages
norsk: Anarkisme
svenska: Anarkism
dansk: Anarkisme
Afrikaans: Anargisme
Alemannisch: Anarchismus
العربية: لاسلطوية
aragonés: Anarquismo
অসমীয়া: নৈৰাজ্যবাদ
asturianu: Anarquismu
azərbaycanca: Anarxizm
تۆرکجه: آنارشیسم
башҡортса: Анархизм
беларуская: Анархізм
беларуская (тарашкевіца)‎: Анархізм
български: Анархизъм
bosanski: Anarhizam
brezhoneg: Anveliouriezh
буряад: Анархизм
català: Anarquisme
čeština: Anarchismus
Cymraeg: Anarchiaeth
Deitsch: Anarchism
Deutsch: Anarchismus
eesti: Anarhism
Ελληνικά: Αναρχισμός
English: Anarchism
español: Anarquismo
Esperanto: Anarkiismo
estremeñu: Anarquismu
euskara: Anarkismo
فارسی: آنارشیسم
Fiji Hindi: Khalbali
føroyskt: Anarkisma
français: Anarchisme
Frysk: Anargisme
Gaeilge: Ainrialachas
galego: Anarquismo
گیلکی: آنارشيسم
한국어: 아나키즘
Հայերեն: Անարխիզմ
हिन्दी: अराजकतावाद
hrvatski: Anarhizam
Ilokano: Anarkismo
Bahasa Indonesia: Anarkisme
interlingua: Anarchismo
italiano: Anarchismo
עברית: אנרכיזם
Basa Jawa: Anarkisme
къарачай-малкъар: Анархизм
ქართული: ანარქიზმი
қазақша: Анархизм
Kiswahili: Utawala huria
Кыргызча: Анархизм
Ladino: Anarkizmo
лезги: Анархизм
Latina: Anarchismus
latviešu: Anarhisms
Lëtzebuergesch: Anarchismus
lietuvių: Anarchizmas
Limburgs: Anarchisme
la .lojban.: nonje'asi'o
magyar: Anarchizmus
македонски: Анархизам
Malagasy: Anarsisma
मराठी: अराजकता
მარგალური: ანარქიზმი
مصرى: اناركيه
مازِرونی: آنارشیسم
Bahasa Melayu: Anarkisme
Mirandés: Anarquismo
монгол: Анархизм
မြန်မာဘာသာ: မင်းမဲ့ဝါဒီ
Nederlands: Anarchisme
日本語: アナキズム
occitan: Anarquisme
oʻzbekcha/ўзбекча: Anarxizm
ਪੰਜਾਬੀ: ਅਰਾਜਕਤਾਵਾਦ
پنجابی: انارکی
Patois: Anaakizam
Piemontèis: Anarchism
polski: Anarchizm
português: Anarquismo
română: Anarhism
русиньскый: Анархізм
русский: Анархизм
саха тыла: Анархизм
Scots: Anarchism
Simple English: Anarchism
slovenčina: Anarchizmus
slovenščina: Anarhizem
کوردی: ئەنارکیزم
српски / srpski: Анархизам
srpskohrvatski / српскохрватски: Anarhizam
suomi: Anarkismi
Tagalog: Anarkismo
தமிழ்: அரசின்மை
татарча/tatarça: Анархизм
тоҷикӣ: Анархизм
Türkçe: Anarşizm
українська: Анархізм
اردو: نراج
ئۇيغۇرچە / Uyghurche: ئانارخىزم
Vahcuengh: Fouzcwngfujcujyi
vèneto: Anarchismo
Võro: Anarkism
Winaray: Anarkismo
ייִדיש: אנארכיזם
Zazaki: Anarşizm
žemaitėška: Anarkėzmos