Amorgós

Amorgós
Lokalt namn: Αμοργός
Klosteret Panagía Khosoviótissa på Amorgós
Klosteret Panagía Khosoviótissa på Amorgós
Geografi
2011 Dimos Amorgou.png
StadEgearhavet
Koordinatar
ØygruppeKykladane

Areal126,4 km²

Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Náxos
Største busetnadAmorgós (397 innb.)

Demografi
Folketal1 973 (2011[1])
Folketettleik15,6 /km²

Amorgós (gresk Αμοργός) er ei øy i Hellas, den austlegaste øya i Kykladane i Egearhavet og den øya i gruppa som ligg nærast Dodekanesane. Øya har eit areal på 126 km².

Amorgós er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Amorgós 1 973 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 397 innbyggjarar.[1]

På grunn av plasseringa til Amorgos var ho ein av dei første stadane at jonarar kom til frå dei joniske byane Milet, Halikarnassos og Efesos på veg til Kykladane og det greske fastlandet.

I antikken hadde øya tre sjølvstendige byar med sjølvstyre og same valuta. Storleiken og det kunstneriske arbeidet på bymurane til Areksini, dei antikke tårna på øya, dei antikke gravene, steinreiskapane, inskripsjonane, vasane og andre lekamar viser at Amorgós var ein blømande sivilisasjon i antikken. Namnet på dei tre byane er Arkesini, Minoa og Aigiali eller Melania. Dei ligg alle på vestsida av øya der ein kan finne naturlege hamner.

Amorgós vert òg kalla Yperia, Patagy eller Platagy, Pagali, Psikhia, og Karkisia. Ein del av øya vert kalla Aspis, der det antikke tempelet til gudinna Afrodite stod.

Øya vart filma i Luc Besson sin film Det store blå.

Other Languages
norsk: Amorgos
svenska: Amorgos
العربية: أمورغوس
беларуская: Амаргос
български: Аморгос
català: Amorgós
čeština: Amorgos
Deutsch: Amorgos
eesti: Amorgós
Ελληνικά: Αμοργός
English: Amorgos
español: Amorgos
فارسی: آمورگوس
français: Amorgos
galego: Amorgos
hrvatski: Amorgos
italiano: Amorgo
Latina: Amorgos
magyar: Amorgósz
मराठी: अमोर्गोस
Nederlands: Amorgos
polski: Amorgos
português: Amorgos
русский: Аморгос
shqip: Amorgos
Simple English: Amorgos
српски / srpski: Аморгос
srpskohrvatski / српскохрватски: Amorgos
suomi: Amorgós
Türkçe: Amorgos
українська: Аморгос
Tiếng Việt: Amorgos