Amerikapurpurhøne

Amerikapurpurhøne

Status i verda: LC Livskraftig

AmerikapurpurhøneFoto: Tom Friedel
Amerikapurpurhøne
Foto: Tom Friedel
Systematikk
Rike:Animalia
Rekkje:Chordata
Klasse:Aves
Orden:Gruiformes
Familie:Rallidae
Slekt:Porphyrio
Art:P. martinicus
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Porphyrio martinicus
Linné, 1766

Amerikapurpurhøne (Porphyrio martinicus) er ein fugl i riksefamilien med utbreiing i sørlegaste USA, i Karibia, Mellom-Amerika og mykje av Sør-Amerika.

Skildring

Dette er ei mellomstor rikse som måler 27-36 centimeter i kroppslengd, har vengespenn på 50-61 cm og veg i området ca. 150 til 300 gram. I gjennomsnitt veg vaksne hannar noko meir enn hoene. Dei har store, gule føter, lilla blå fjør med grøn rygg og raudt nebb med gul tupp. Panneblesen er lyseblå. Undergumpen er kvit. Juvenilar er i hovudsak varmbrune, med olivenfarga overside.[1]

Arten lever i subtropisk eller tropisk lågland, ved varme sumpar og myrar i dei søraustlege delstatane i USA og dei tropiske områda i Mellom-Amerika, Karibia og Sør-Amerika sør til og med nordlege Argentina. Fuglar i Florida og tropisk Amerika er standfuglar, men dei fleste nordamerikanske hekkefuglane er trekkfuglar, og overvintrar sør til Argentina. I Sør-Amerika har dei fråvere frå Chile og generelt frå høgste Andes, men finst i opp til 4000 moh. i Peru.

Arten førekjem som streiffuglar over store område. Ein har registrert individ så langt vest som California og Galápagos-øyane, så langt nord som Island og Labrador-halvøya, så langt sør som Sør-Georgia, og så langt aust som Noreg, Storbritannia, Kapp Verde og i stor grad i Sør-Afrika.[1]

Reirplassen er ofte ein flytande struktur av plantemateriale i våtområde. Dei legg tre til ti egg i kullet. Dietten inneheld eit breitt spekter av plante- og dyremateriale, inkludert frø, blad og frukter av både akvatiske og jordbaserte planter, og dessutan insekt, froskar, sniglar, edderkoppar, regnormar og fisk.

Storleiken på populasjonen er ikkje kjent, men trudd å vere minkande i Nord-Amerika.[2]

Other Languages