Amasone

Amasone kan visa til krigerske kvinner eller samfunn der kvinner er soldatar. I snever tyding er amasonene namnet på matriarkalsk organisert folk i gresk mytologi som skulle leva i Anatolia og aust for Svartehavet. I moderne tyding blir det også brukt om andre matriarkalske folk.

Greske amasoner

Akilles drep Penthesileia. Gresk vase frå rundt 460 f.Kr.

Grekarane fortalde ei rekkje historier om dei krigerske barbarkvinnene som rei hestar og skaut med pil og boge. Mytane kan ha hatt utspring i kvinnelege krigarar blant skytarane, men har truleg vakse litt med kvar forteljing. For grekarane var det nemleg uhøyrt, for ikkje å snakka om ukvinneleg, at kvinner skulle kjempa på same viset som menn.

Amasonene stamma frå krigsguden Ares og kona hans Harmonia, og var dei einaste barna dei to fekk saman. Dei levde i kvinnestatar der menn var marginaliserte. Dei måtte halda seg heime, medan amasonene vitja dei to gonger i månaden for å syta for forplantinga. Gutebarn blei sendt vekk eller lagt ut for å døy, medan nyfødde jenter blei fostra opp til å bli krigarar som mødrene sine. Ei amasone måtte vera jomfrueleg til ho hadde drepe minst tre menn i strid. For å kunne trekka bogestrengen langt nok tilbake opererte eller brann dei vekk det høgre brystet sitt.

Kvar amasonestat blei styrt av ei dronning. Penthesileia var namnet på ei av dei, ho kjempa for Troja under Trojakrigen og blei drepen av Akilles. Ei anna var Hippolyte, som hadde eit magisk belte faren Ares hadde gjeve henne. Eitt av storverka til Herakles var å stela dette beltet. Thesevs hjelpte han med dette, og bortførte søstera hennar, Antiope, kanskje som hemn for at amasonene hadde storma Akropolis i Aten.

Other Languages
norsk: Amasoner
svenska: Amasoner
dansk: Amazone
العربية: أمازونيات
azərbaycanca: Amazonlar
Bân-lâm-gú: Amazon
беларуская: Амазонкі
български: Амазонки
brezhoneg: Amazonezed
Чӑвашла: Амазонсем
čeština: Amazonky
corsu: Amazoni
Deutsch: Amazonen
eesti: Amatsoonid
Ελληνικά: Αμαζόνες
English: Amazons
Esperanto: Amazonoj
français: Amazones
한국어: 아마조네스
hrvatski: Amazonke
Bahasa Indonesia: Suku Amazon
interlingua: Amazon
italiano: Amazzoni
עברית: אמזונה
ქართული: ამორძალები
қазақша: Амазонкалар
Кыргызча: Амазонкалар
Latina: Amazones
latviešu: Amazones
lietuvių: Amazonės
magyar: Amazonok
македонски: Амазонки
Nederlands: Amazonen
日本語: アマゾーン
нохчийн: Амазонкаш
română: Amazoane
русский: Амазонки
Scots: Amazons
shqip: Amazona
Simple English: Amazons
slovenščina: Amazonke
српски / srpski: Амазонке
srpskohrvatski / српскохрватски: Amazonke
Tagalog: Mga Amazona
Türkçe: Amazonlar
українська: Амазонки
اردو: ایمیزن
Tiếng Việt: Chiến binh Amazon
Winaray: Amazona
Zazaki: Amazoni
中文: 亞馬遜人