Aleksandr Solzjenitsyn

Aleksandr Solzjenitsyn

Aleksandr Isajevitsj Solzjenitsyn (11. desember 19183. august 2008), russisk Алекса́ндр Иса́евич Солжени́цын var ein russisk forfattar, historikar og nobelprisvinnar. Han gjorde verda merksam på dei sovjetiske slaveleirane (Gulag) og var kritisk til russisk styre under og etter sovjettida.

Solzjenitsyn tenestegjorde som kaptein i artilleriet under andre verdskrigen. Etter å ha sett den brutale framferda til sovjetiske soldatar i Polen og Tyskland skreiv han diktet «Prøyssiske netter». Han blei arrestert i februar 1945 for å ha kalla statsleiaren Stalin for «han med barten» i eit brev til ein ven, og i juli det året dømt til ti år i fangeleir. Opplevingane i Gulag førte til bøker som En dag i Ivan Denisovitsj' liv og Gulag-arkipelet. Seinare verk som til dømes I første krets og Kreftavdelingen gav Solzjenitsyn stor vyrnad, og han fekk Nobelprisen i litteratur i 1970.

Solzjenitsyn mista det sovjetiske statsborgarskapet sitt og levde i eksil frå 1974, først i Tyskland, der han budde hjå venen Heinrich Böll, deretter Sveits og til sist i Vermont i USA. Han vitja også Noreg ei tid og vurderte å slå seg ned der. Etter enden på Sovjetunionen drog han tilbake til Russland i 1994. Han heldt fram med sitt virke som regimekritikar også av det nye styret i Russland.

Solzjenitsyn døydde i Moskva av hjartesvikt, 89 år gammal.

  • referansar

Referansar

Other Languages
azərbaycanca: Aleksandr Soljenitsın
беларуская (тарашкевіца)‎: Аляксандар Салжаніцын
dolnoserbski: Aleksandr Solženicyn
hornjoserbsce: Aleksandr Solženicyn
Bahasa Indonesia: Aleksandr Solzhenitsyn
oʻzbekcha/ўзбекча: Aleksandr Soljenitsin
Plattdüütsch: Alexander Solschenizyn
Simple English: Aleksandr Solzhenitsyn
slovenščina: Aleksander Solženicin
srpskohrvatski / српскохрватски: Aleksandar Solženjicin
vepsän kel’: Solženicin Aleksandr
粵語: 索贊尼辛