Alberto Ginastera

Alberto Ginastera.

Alberto Evaristo Ginastera ( 11. april  191625. juni  1983) var ein argentinsk komponist.

Biografi

Alberto Ginastera vart fødd i Buenos Aires og hadde katalansk far og italiensk mor. Han studerte ved konservatoriet i Buenos Aires, og vart uteksaminert i 1938. Han underviste nokre år etter dette, men reiste til Sambandsstatane frå 1945-1947 der han studerte ved musikkakademiet Tanglewood med m.a. Aaron Copland. Tilbake i Argentina skipa han eit samband for komponistar, og heldt fram med musikkundervisning. I 1968 flytte han attende til USA, og frå 1970 var han busett i Europa. Han døydde i Genéve, 67 år gamal. Ein av musikkstudentane hans var Ástor Piazzolla.

Other Languages