Albatrossfamilien

Albatrossfamilien


Svartbrynalbatross, Thalassarche melanophris Foto: Uwe Kils
Svartbrynalbatross, Thalassarche melanophris
Foto: Uwe Kils
Systematikk
Rike:Animalia
Rekkje:Chordata
Klasse:Aves
Orden:Procellariiformes
Familie:Diomedeidae

G.R. Gray , 1840

Slekter
  • Thalassarche
  • Albatrossar (Diomedeidae) er store sjøfuglar som saman med artane i stormfuglfamilien, stormsvalefamilien og dukkpetrellfamilien utgjer ordenen stormfuglar, Procellariiformes. Dei streifar vidt kring i Sørishavet og Nord-Stillehavet. Dei er fråverande frå Nord-Atlanteren, men fossil viser at dei ein gong levde der. I dag er dei berre sporadiske vandrarar som dukkar opp i Nord-Atlanteren. Albatrossane er blant dei største flygande fuglar, vandrealbatrossen har den største vengespennet av alle nolevande fugleartar. Familien er vanlegvis delt inn i fire slekter, men det er usemje om talet på artar som varierer mellom 12[1] og 21[2] artar avhengig av autoritet.

    Albatrossane er svært effektive i lufta, ved hjelp av glideflogteknikkar kan dei dekke store distansar med lite bruk av energi. Dei beitar blekksprut, fisk og kril ved å ta avfall, gripe i vassoverflata eller dukke. Albatrossar hekkar i koloniar, mest på fjerne øyar, ofte nært saman med fleire andre artar. Parband mellom hannar og hoar kan byggast over fleire år med bruk av ritualdansar og vil vare i livet ut for paret. Ein hekkesesong kan ta over eit år frå egglegging til flygeferdige ungar, med eitt enkelt egg i kvart forsøk.

    Av dei 21 artane av familien som er godkjent av IUCN, er 19 er trua av utrydding. Talet på albatrossar har tidlegare gått attende på grunn av hausting av fjør, men i dag albatrosses er trua av introduserte artar som for eksempel rotter og villkattar som angrip egg, ungar og hekkande vaksne fuglar; av forureining; av overfiske som har ført til alvorleg nedgang i fiskeførekomstane i mange regionar. Linefiske utgjer det største trugsmålet: fuglane jaktar agna på lina og blir dermed hekta fast. Identifiserte interessentar som styresmakter, narturvernorganisasjonar og folk i fiskerinæringa arbeider for å redusere denne «bifangsten».

    Other Languages
    svenska: Albatrosser
    Afrikaans: Albatros
    العربية: قطرس
    asturianu: Diomedeidae
    Avañe'ẽ: Ypenaro'y
    azərbaycanca: Albatroslar
    বাংলা: আলবাট্রস
    беларуская: Альбатросы
    български: Албатросови
    brezhoneg: Albatroz
    català: Albatros
    Cebuano: Diomedeidae
    čeština: Albatrosovití
    Cymraeg: Albatros
    Deutsch: Albatrosse
    Diné bizaad: Tónteel tsídiitsoh
    Ελληνικά: Άλμπατρος
    English: Albatross
    español: Diomedeidae
    Esperanto: Albatrosoj
    euskara: Albatros
    فارسی: آلباتروس
    français: Diomedeidae
    Gaeilge: Albatras
    galego: Albatros
    한국어: 신천옹과
    hrvatski: Albatrosi
    Bahasa Indonesia: Albatros
    interlingua: Diomedeidae
    íslenska: Albatrossar
    italiano: Diomedeidae
    Basa Jawa: Albatros
    Kiswahili: Albatrosi
    Кыргызча: Альбатростор
    кырык мары: Альбатрос
    Latina: Diomedeidae
    latviešu: Albatrosi
    lietuvių: Albatrosiniai
    македонски: Албатрос
    മലയാളം: ആൽബട്രോസ്
    Bahasa Melayu: Albatros
    Nederlands: Albatrossen
    नेपाली: अल्बाट्रोस
    oʻzbekcha/ўзбекча: Albatrossimonlar
    ਪੰਜਾਬੀ: ਅਲਬਾਟਰੌਸ
    پنجابی: البٹراس
    Plattdüütsch: Albatrosse
    polski: Albatrosy
    português: Albatroz
    română: Albatros
    Runa Simi: Alwatrus
    shqip: Albatrosi
    Simple English: Albatross
    slovenčina: Albatrosovité
    српски / srpski: Албатроси
    srpskohrvatski / српскохрватски: Albatrosi
    Tagalog: Albatros
    Tshivenda: Aḽibetrosi
    Türkçe: Albatros
    українська: Альбатросові
    اردو: البٹراس
    Tiếng Việt: Họ Hải âu mày đen
    Winaray: Diomedeidae
    粵語: 信天翁
    中文: 信天翁科