Al-Qaida

القاعدة (Al-Qaida)
Cover of an al Qaeda document.jpg
Framsida til eit al-qaidadokument
Skipa 1988
Leiar Osama Bin Laden, Ayman al-Zawahiri
Ideologi Islamisme, pan-islamisme, mujahedin
Misjon Å etablere eit pan-islamistisk kalifat basert på streng islamsk lov, kamp mot «falske» muslimske herskarar, motstand mot det ikkje-islamistiske samfunnet og særleg USA.
Metode sjølvmorsbombarar, veibombar, bilbombar, fleire.
Medlemmer Rundt 75 000-700 000 over heile verda
Internasjonal tilknytting Flagget til Afghanistan Taliban

Flag of al-Qaeda in Iraq.svg Maktab al-Khadamat
Kata'ib Hizbollah
Flag of Jihad.svg Hezb-i-Islami
Flag of Jihad.svg Egyptisk islamsk jihad
Flag of al-Qaeda in Iraq.svg Al Qaida-organisasjonen i det islamske Maghreb
Flagget til Usbekistan Usbekistans Islamistiske Bevegelse
Flag of Jihad.svg Fatah al-Islam
Flag of Jihad.svg Ansar al-Islam
Flag of Jihad.svg Ansar al-Sunna
Flag of Jihad.svg Sipah e-Sahaba
Lashkar-e-Taiba
Flag of Waziristan resistance (1930s).svg Det islamske emiratet Waziristan
Flag of Jihad.svg People's Mojahideen of Iran
Flag of Jihad.svg Jondollah

Flagget til Libya Libyske islamske kjempingsgruppe

Al-Qaida ( arabisk القاعدة, 'basen' [1]) er ein islamistisk terroristorganisasjon, kjend for spektakulære sjølvmordsåtak mot sivile mål. Den best kjende aksjonen deira er 11. september-åtaka i USA i 2001, der fleire tusen menneske blei drepne.

Namnet «al-Qaida» tyder 'base'. Namnet er blitt tolka som 'databasen' med oversyn over mujahedin-styrker Osama bin Ladan hadde kontroll over av den britiske utanriksministeren Robin Cook. I 2002 tok gruppa namnet Qa'idat al-Jihad, 'basen (grunnlaget) for jihad'.

Soge

Al-Qaida blei grunnlagd av saudiarabaren Osama bin Laden i 1988- 89 for å støtta og trena utanlandske muslimske motstandsstyrker mot Sovjetunionen under Den afghansk-sovjetiske krigen. Mot slutten av krigen byrja Al-Qaida og mange liknande grupper å retta interessa mot andre konfliktområde, som Israel og Kashmir.

Etter at sovjetarane trekte seg ut av Afghanistan i 1989 vende Bin Laden tilbake til Saudi-Arabia. Året etter invaderte Irak under Saddam Hussein nabolandet Kuwait, noko som også sette dei saudiarabiske oljefelta i fare. Bin Laden tilbaud sine trente mujahedin til å forsvara landet, men kong Fahd tok heller imot hjelp frå amerikanske og allierte styrker. Det at desse styrkane fekk koma inn i og vanhelga «landet med dei to moskeane» ( Mekka og Medina) gjorde Bin Laden rasande. Etter å ha talt imot styresmaktene for å ta imot amerikanske styrker blei han landsforvist. Oppmoda av Hassan al-Turabi drog Bin Laden og al-Qaida i eksil til Sudan, der Omar al-Bashir nyleg hadde teke makta. Dei bistod dei sudanesiske styresmaktene gjennom å setja opp ulike verksemder og militære treningsleirar. Her samarbeidde dei med Egyptisk islamsk jihad, leidd av Ayman el-Zawahiri.

I 1993 støtta Saudi-Arabia Oslo-avtalen mellom Israel og palestinarane, noko som førte til skarp kritikk frå bin Laden. I 1994 mista blei han fråteken det saudiske statsborgarskapet sitt og mista pengestøtte heimanfrå.

Egyptisk islamsk jihad (EIJ) var ein kjerne for al-Qaida, men utførte òg eigne aksjonar retta mot det egyptiske regimet. I 1993 utførte dei eit mislukka attentat mot den egyptiske statsministeren Atef Sedki, der ei skulejente blei drepen i staden. I 1995 stod dei bak eit attentatforsøk mot den egyptiske presidenten Hosni Mubarak. Egyptisk opinion vende seg mot gruppa, og statsmakta slo hardt ned på dei gjennom arrestasjonar og avrettingar.

Sudan utviste EIJ i 1995 etter at gruppa hadde utført eigne avrettingar i landet. I mai 1996 blei også bin Laden utvist. Afghanistan, som var styrte av den fundamentalistiske Taliban-rørsla, ønskte dei velkomne tilbake. Al-Qaida fekk ei rolle i forsvarsdepartementet deira.

Al-Qaida sine ideologar hadde lenge støtta tanken om ein «global jihad» for å reinska muslimske land for ikkje-muslimar. Al-Zawahiri var sterkt inspirert av Sayyid Qutb si lære om at folk som kalla seg muslimar, men ikkje følgde den rette læra, var å reknast som fråfalne. Slik var også regime i ulike muslimske land blitt mål Egyptisk islamsk jihad.

I 1996 utlyste gruppa ein fatwa om å fordriva utanlandske styrker og makter frå muslimske land, ei krigserklæring mot USA og allierte land. 23. februar 1998 gjekk bin Laden og al-Zawahiri endå sterkare ut med ein fatwa som baud alle muslimar drepa amerikanarar og deira allierte overalt der dei kunne. I 2001 eller 2002 slo al-Qaida og Egyptisk islamsk jihad seg saman til Qa'idat al-Jihad.

Other Languages
norsk: Al-Qaida
svenska: Al-Qaida
dansk: Al-Qaeda
Afrikaans: Al-Kaïda
aragonés: Al-Qaeda
azərbaycanca: Əl-Qaidə
Bân-lâm-gú: Al-Qaeda
беларуская: Аль-Каіда
беларуская (тарашкевіца)‎: Аль-Каіда
Bikol Central: Al-Qaeda
български: Ал-Каида
Boarisch: Al-Qaida
bosanski: Al-Kaida
brezhoneg: Al-Qaida
català: Al-Qaida
Cebuano: Al-Qaeda
čeština: Al-Káida
Chavacano de Zamboanga: Al-Qaeda
Cymraeg: Al-Qaeda
Deutsch: Al-Qaida
Ελληνικά: Αλ Κάιντα
English: Al-Qaeda
español: Al Qaeda
Esperanto: Al-Kaida
euskara: Al Kaida
فارسی: القاعده
føroyskt: Al-Qaeda
français: Al-Qaïda
Frysk: Al-Qaida
galego: Al Qaida
한국어: 알카에다
Հայերեն: Ալ-Կաիդա
हिन्दी: अल कायदा
hrvatski: Al-Kaida
Bahasa Indonesia: Al-Qaeda
interlingua: Al-Qaeda
íslenska: Al-Kaída
italiano: Al Qaida
עברית: אל-קאעידה
Basa Jawa: Al-Qaéda
ಕನ್ನಡ: ಅಲ್ ಕೈದಾ
ქართული: ალ-კაიდა
қазақша: Әл-Қағида
Kiswahili: Al-Qaeda
Kurdî: Elqaîde
Кыргызча: Ал-Каида
Ladino: Al Qaida
Latina: Al-Qāʿida
latviešu: Al-Qaeda
Lëtzebuergesch: Al-Qaida
lietuvių: Al-Qaeda
Limburgs: Al Qaeda
magyar: Al-Káida
македонски: Ал-Каеда
മലയാളം: അൽ ഖാഇദ
मराठी: अल कायदा
مازِرونی: القاعده
Bahasa Melayu: Al Qaeda
Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄: Al-Qaeda
မြန်မာဘာသာ: အယ်လ်ကေးဒါး
Nederlands: Al Qaida
नेपाली: अल कायदा
oʻzbekcha/ўзбекча: Al-Qoida
ਪੰਜਾਬੀ: ਅਲ ਕਾਇਦਾ
پنجابی: القاعدہ
پښتو: القاعده
Plattdüütsch: Al Kaida
polski: Al-Ka’ida
português: Al-Qaeda
Ripoarisch: El-Qaeda
română: Al-Qaida
русский: Аль-Каида
саха тыла: Ал-Каида
Scots: Al-Qaeda
shqip: Al-Kaida
sicilianu: Al-Qaida
සිංහල: අල්-කයිඩා
Simple English: Al-Qaeda
slovenčina: Al-Káida
slovenščina: Al Kaida
Soomaaliga: Al-Qaacida
کوردی: ئەلقاعیدە
српски / srpski: Ал Каида
srpskohrvatski / српскохрватски: Al-Kaida
suomi: Al-Qaida
Tagalog: Al-Qaeda
татарча/tatarça: Äl-Qağidä
తెలుగు: అల్ ఖైదా
Türkçe: El-Kaide
українська: Аль-Каїда
اردو: القاعدہ
Tiếng Việt: Al-Qaeda
文言: 基地組織
Winaray: Al-Qaeda
ייִדיש: אל קיידא
Yorùbá: Al-Kaida
粵語: 阿蓋達
Zazaki: El Qaide
中文: 基地组织