Abort

Abort er avbrotet av eit svangerskap før fosteret er ferdig utvikla, [1] slik at fosteret døyr. Det er vanleg å skilja mellom spontan abort, som skjer uventa og som følgje av feil ved fosteret, ytre påverknader eller ukjende grunnar, og provosert abort, [2] som kan skje som følgje av eit medisinsk inngrep eller gjennom vald mot livmora.

Abort kan vera eit medisinsk problem, eit rettsleg problem og eit etisk problem. Innan svangerskapsmedisin har ein arbeidd for å finna grunnar til at spontanabortar skjer og måtar å hindra dei på. Det er også blitt utarbeidd trygge måtar å framprovosera sjølvvald abort på. Etisk er abort omdiskutert, med ulik vekt lagt på den gravide kvinna sin rett til å bestemma over eigen kropp og helse, stilt opp mot fosteret sin rett til forsøk på liv. Rettsleg finst det mange ulike tilnærmingsmåtar til inngrepet, der abort kan vera totalforbode innan nokre rettssystem og nærast påkravd i andre.

Biologi

Spontan abort

Spontan abort kan skje gjennom heile svangerskapet fram til fosteret er levedyktig. Etter denne tida blir svangerskapsavbrot før fostertida er over kalla prematur fødsel. Det finst inga klar tidsgrense mellom spontanabort og for tidleg fødsel, og tidsrommet har flytta seg i takt med utviklingar innan nyføddmedisin. [3]

Det er ganske vanleg for kvinner å spontanabortera, særleg tidleg i svangerskapet. Mange befrukta egg forsvinn før kvinna er klar over at ho er gravid. I svangerskap som blir oppdaga, leier rundt 15 % til spontan abort. [3] Om kvinner spontanaborterer tre gonger etter kvarandre utan å oppnå ein barnefødsel, blir det sett på som habituell abort som kan trenga undersøking. [3]

Provosert abort

Innan moderne medisin kan ein framprovosera abort med medikament eller kirurgisk. Det er vanleg å kombinera antiprogesteron og prostaglandin som abortframkallande middel. Desse får som regel livmora til å støyta ut fosteret og alle svangeskapsprodukta. I nokre høve (ca. 3 %) trengst også ei kirurgisk utskraping. Abort med medikament kan i Noreg utførast heime fram til 9. svangerskapsveke og deretter på sjukehus. [2]

Kirurgisk abort kan føregå ved hjelp av eit vakuumsug etter at livmorhalsen er noko blokka opp. Inngrepet tek rundt 5 minutt, og blir utført under narkose. Operasjonen kan ha komplikasjonar som ufullstendig tømming, infeksjonar eller perforasjon av livmorveggen. Ved moderne medisinske metodar er det uvanleg med alvorlege komplikasjonar som eventuelt sterilitet. [2]

Other Languages
norsk: Abort
svenska: Abort
dansk: Abort
Afrikaans: Aborsie
العربية: إجهاض
aragonés: Alborto
asturianu: Albuertu
Avañe'ẽ: Membykua
azərbaycanca: Abort
বাংলা: গর্ভপাত
Bân-lâm-gú: Thu̍t-the
башҡортса: Аборт
беларуская: Аборт
беларуская (тарашкевіца)‎: Аборт
български: Аборт
bosanski: Pobačaj
català: Avortament
čeština: Interrupce
Chi-Chewa: Kuchotsa mimba
chiShona: Kubvisa nhumbu
Cymraeg: Erthyliad
eesti: Abort
Ελληνικά: Έκτρωση
English: Abortion
español: Aborto
Esperanto: Aborto
euskara: Abortu
فارسی: سقط جنین
Fiji Hindi: Abortion
føroyskt: Fosturtøka
français: Avortement
Frysk: Abortus
Gaeilge: Ginmhilleadh
galego: Aborto
한국어: 낙태
Հայերեն: Վիժում
हिन्दी: गर्भपात
hrvatski: Pobačaj
Ilokano: Alis
Bahasa Indonesia: Gugur kandungan
interlingua: Aborto
ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ/inuktitut: ᐃᓄᐃᑎᑦᑐᖅ
íslenska: Fóstureyðing
italiano: Aborto
Basa Jawa: Aborsi
Kapampangan: Abortion
ქართული: აბორტი
қазақша: Аборт
Kiswahili: Utoaji mimba
Кыргызча: Аборт
Latina: Abortus
latviešu: Aborts
Lëtzebuergesch: Ofdreiwung
lietuvių: Abortas
Limburgs: Abortus
lumbaart: Abort
मैथिली: गर्भपतन
македонски: Абортус
Malagasy: Fanalan-jaza
മലയാളം: ഗർഭഛിദ്രം
Malti: Abort
मराठी: गर्भपात
مصرى: اجهاض
Bahasa Melayu: Pengguguran
монгол: Аборт
Nederlands: Abortus
नेपाली: गर्भपतन
日本語: 妊娠中絶
occitan: Avortament
ଓଡ଼ିଆ: ଗର୍ଭପାତ
oʻzbekcha/ўзбекча: Abort
ਪੰਜਾਬੀ: ਗਰਭਪਾਤ
پنجابی: ابورشن
Patois: Abaashan
Piemontèis: Abòrt
polski: Aborcja
português: Aborto
română: Avort
Runa Simi: Sulluchiy
русиньскый: Аборт
русский: Аборт
සිංහල: ගබ්සාව
Simple English: Abortion
slovenčina: Interrupcia
slovenščina: Splav
کوردی: لەبەرچوون
српски / srpski: Побачај
srpskohrvatski / српскохрватски: Abortus
suomi: Abortti
Tagalog: Pagpapalaglag
татарча/tatarça: Аборт
తెలుగు: గర్భస్రావం
Türkçe: Kürtaj
Türkmençe: Abort
українська: Аборт
Tiếng Việt: Phá thai
Winaray: Punit
ייִדיש: אבארטאציע
Yorùbá: Ìṣẹ́yún
粵語: 落仔
Zazaki: Kurtaj
žemaitėška: Abuorts
中文: 堕胎
Kabɩyɛ: Hɔɔ lɩzɩɣ