İskenderunbukta

Iskenderunbukta ligg nordaust i Middelhavet i høgre hjørnet av kartet.

İskenderunbukta (tyrkisk İskenderun Körfezi, av romarane kalla Mare Issicum eller Issicus Sinus) er ei bukt i Det levantinske havet, den austlegaste delen av Middelhavet, og den austlegaste delen Tyrkia, der sørkysten dannar grense mot Syria. Her er òg det nordlegaste punktet i Det levantinske havet. Austkysten av bukta ugjer delar av den tyrkiske provinsen Hatay, der byen İskenderun (tidlegare kalla Aleksandretta) ligg, medan nordkysten utgjer delar av provinsen Adana.

Aust- og sørkysten av bukta er forma av Nurfjella (tyrkisk Nur Dağları, tyder fjella av heilag lys), Amanus eller Gâvurfjella. På veskysten ligg den antikke greske og moderne byen Tarsus som framleis nyttar det greske namnet som offisielt namnt. På austkysten låg dei antikke greske byane Issos og Aleksandretta, i dag kjend som İskenderun som ligg nær sørkysten av bukta. På nordkysten ligg den historiske regionen Kilikia.

  • kjelder

Kjelder

Other Languages